top of page

EIT PORTRETT

ANDERS GROSTøL

Når eg ser attende i mine tankar streifer det eit bilete av læraren som heng i skulestova heime. Det er ei penneteikning i svart og kvitt. Og så store som desse kontrastane i seg sjølv er, var og naturen hans. Han hadde ei innstillig til livet så særmerkt og så på tvers av andre meiningar til kamp for det som var rett. Og under dei bustne bryna som voks så vilt som strå såg vi inn i trollspegelen og vi kjende den kalde gufsen og skodda som frå vinterhavet når eitkvart skok han i sinnet og dimde augo. Men  snart dreiv skodda vekk og blikket var djupt og stilt som eit fjellvatn når morgonbrisen stryk mot havet. Då låg det støtt ein glimt i augo ei lita solrenning for det veike barnesinnet.

Men ramma er for trong for han - han sprengjer henne med sin personlegdom og det er som han på ny stig fram frå skogstigen han ender og gong brukte gå til skule - stor og herde -  brei, bøygd som ei gamal malmfure av vind og væte. Og når han gjekk denne vegen var det av di han hadde vore framom sommarfloren og gjort frå seg arbeidet der.


Bunden av sin elsk til naturen hausta han lærdom i arbeidet på gården og idet som dyra lærde han. Alt tok han med seg inn i skulestova og når han så stod i døra fylte han henne så han stengde for den ljossken som morgonsola kasta på svaltrappa, men glimten i augo var morgonfrisk og nedetter den tettknepte trøya blinkte dei tunge messingknappane. Det var som noko av den unge korporalen sat att i den gamle læraren.

Ennå når eg kjenner lukta av blyant og viskeler, hugsar eg fyrste gongen eg skreiv med påhalden penn. Og eg kjenner ennå kor hard handa hans var, skukkut og så risleg svær at ho heilt gøymde mi. Men øvst på arket stod att den fyrste bokstaven den finaste eg trudde eg nokon gong hadde sett.


Men som åra gjekk var det som han vaks fram til eit ideal. Vi lærde han å kjenna som eit menneske som hadde røynt  livet frå ymse sider. Difor var det meir enn tome ord at vi var skuldige til å hjelpa einannan. Og vi kunne snart kjenna oss som dei største syndarane  i verda for vi hadde alle vore i spiskameret til mor og teke eitkvart utan lov. Og vi kjende at den vonde hugen hekk like fast ved oss som garnfilla under båtkjølen. Men snart var vi like lukkelege som oskeladde i eventyret for det var så mange andre måtar å gjera godt på enn å løysa gamlemor frå trestubben

Slik sat vi då og drøymde oss vekk i gode gjerningar til den store neven fall i kateteret og hjarta hoppa i bringa. Vi sat og stirde inn i det barske andletet. Det var som dette andletet ville gje frå seg all den dulde naturen som striden i livet og eit hardt klima hadde dana.

 

Han var eit barn av naturen. Røteene hadde han djupt i den gamle soga, men i hugen var han open som grisgrendt skog der den nye dagen allstøtt slepp inn. Han var som eit tre i skogen, utsett for vind og vær. Men det var og noko av det som  gav han næring så han kunne veksa og verna om det som var veikt

Eg ser han ennå for meg attmed den morkne trestubben då han knuste hoggormen og berga fugleungane.

Vi stod kring han og tok mål av han - inkarnasjonen av det gode. Dette skogtrollet på dei svære beina på heimesydde skor. Kva småkryp tru dei hadde øydt utan han visste det. Og hans grinstrande lynde, kor mang ein barnetanke hadde det skremt utan han ville det. Eg hugsar redselsskrika frå fuglemora, men og takkesongane hennar.

Slik levde han mellom folket i krinsen. Men fram om all striden var det allstøtt dei mjuke tonane frå understrengane som gav samhaldet røyndom Han var hard som stål og mjuk som ei vidje, men brast aldri endå om han gret og det gjorde han kvar gong nokon slutta skulen og når han fortalde om "Det gamle juletreet". Kan hende han tenkte på seg sjølv som snart skulle kastast ut som julegrana eller på oss som enna stod som unge tre i skogen. I dei var det han ville pota inn bodskapen om kjærleiken og alt det som gjer at eit menneske kan retta augo oppover.

 

Eg ser han for meg med potetkniven i neven og rispa i villapalen. Det var ei heilag handling. Han stod med blotta hovud, skalla, med ein ring av krulla hår kring nakken, grått som gamal husmose. Det slitne andletet drog seg til ein smil, men det var fastleik i blikket då siste knuten var knytt. Nå stod resten til Vår Herre. Men nå er det vorte til noko meir. Det er sjølve livsverket hans som har vakse fram. Men som einskilde av kvistene døydde har og det som var vondt miste si kraft, så det som var godt kunne spira og bera frukt

Ragnvald Grimsby

grostol.jpg
bottom of page